Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 21:24-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. Men kong David sa til Ornan: «Nei, eg vil kjøpa det til full pris. Eg vil ikkje ta det som er ditt og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.»

25. David gav Ornan 600 sjekel gull etter vekt for staden.

26. Der bygde David eit altar for Herren og bar fram brennoffer og fredsoffer. Han ropa til Herren, og han svara med eld frå himmelen over brennofferaltaret.

27. Herren tala til engelen, og han stakk sverdet i slira att.

28. På den tida, då David såg at Herren hadde høyrt bøna hans på treskjevollen til jebusitten Ornan, ofra han der.

29. Herrens bustad, som Moses hadde fått laga i ørkenen, og brennofferaltaret stod den gongen på offerhaugen i Gibeon.

30. Men David kunne ikkje gå dit og søkja råd hos Gud, for han frykta sverdet til Herrens engel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 21