Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 20:5-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Endå ein gong kom det til slag med filistrane, og Elhanan, son til Ja'ir, felte Lahmi, bror til Goliat frå Gat, som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom.

6. Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempehøg mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han høyrde òg til Rafa-slekta.

7. Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 20