Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 2:16-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.

17. Abigajil fødde Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.

18. Kaleb, son til Hesron, fekk søner med Asuba, kona si, og med Jeriot. Desse sønene var Jesjer, Sjobab og Ardon.

19. Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; ho fødde sonen Hur til han.

20. Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.

21. Sidan gjekk Hesron inn til ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gammal då han tok henne til kone, og ho fødde Segub til han.

22. Segub fekk sonen Ja'ir, som hadde tjuetre byar i Gilead-landet.

23. Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane til Ja'ir og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse var etterkomarar av Makir, far til Gilead.

24. Etter at Hesron var død i Kaleb-Efrata, fødde Abia, kona til Hesron, Asjhur. Han vart far til Tekoa.

25. Jerahmeel, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, den førstefødde, og Buna, Oren, Osem og Ahia.

26. Men Jerahmeel hadde òg ei anna kone, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam.

27. Ram, den førstefødde sonen til Jerahmeel, hadde sønene Maas, Jamin og Eker.

28. Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur.

29. Kona til Abisjur heitte Abihajil, og ho fødde Ahban og Molid til han.

30. Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus.

31. Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Ahlai.

32. Sønene til Jada, bror til Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus.

33. Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane av Jerahmeel.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 2