Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 19:5-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Det kom folk til David og fortalde om mennene. Då sende han folk i møte med dei, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Hanun og ammonittane sende 1000 talentar sølv for å leiga vogner og ryttarar frå aramearriket mellom elvane og frå aramearriket Maaka og frå Soba.

7. Dei leigde seg 32 000 vogner og fekk med seg kongen i Maaka og krigsfolket hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd.

8. Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren.

9. Ammonittane drog ut og fylka seg til kamp framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve på open mark.

10. Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut nokre av dei beste krigarane i Israel og stilte dei opp mot aramearane.

11. Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane.

12. Så sa han: «Blir aramearane for sterke for meg, må du koma meg til hjelp; og blir ammonittane for sterke for deg, skal eg hjelpa deg.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 19