Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 19:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ei tid seinare døydde Nahasj, kongen til ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han.

2. Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, for far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre utsendingar for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun,

3. sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, mennene hans er nok heller komne til deg for å spionera og utforska og endevenda landet.»

4. Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg.

5. Det kom folk til David og fortalde om mennene. Då sende han folk i møte med dei, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Hanun og ammonittane sende 1000 talentar sølv for å leiga vogner og ryttarar frå aramearriket mellom elvane og frå aramearriket Maaka og frå Soba.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 19