1. Ei tid seinare døydde Nahasj, kongen til ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han.
2. Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, for far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre utsendingar for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun,
3. sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, mennene hans er nok heller komne til deg for å spionera og utforska og endevenda landet.»
4. Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg.
5. Det kom folk til David og fortalde om mennene. Då sende han folk i møte med dei, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»