Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 17:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.

20. Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med våre eigne øyre.

21. Kven er som Israel, folket ditt? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til og fria ut for å gjera til sitt eige folk. Med store og skremmande gjerningar skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut av Egypt.

22. Du sette Israel, folket ditt, til å vera ditt folk til evig tid. Og du, Herre, vart deira Gud.

23. Lat no, Herre, det ordet du har tala om tenaren din og huset hans, stå fast til evig tid, og gjer som du har sagt!

24. Ja, lat det stå fast! Då skal namnet ditt vera stort til evig tid, så folk kjem til å seia: Herren over hærskarane, Israels Gud, er Gud for Israel! Og huset til David, tenaren din, skal stå urokka for ditt andlet.

25. For du, min Gud, har sagt til tenaren din at du vil byggja han eit hus. Difor har eg våga å be til deg.

26. Og no, Herre, du er Gud, og du har gjeve tenaren din denne store lovnaden.

27. Måtte du frå no av velsigna huset til tenaren din så det alltid må stå urokka for ditt andlet. For du, Herre, velsignar og er velsigna til evig tid.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 17