Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16:8-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Pris Herren, kall på hans namn,gjer gjerningane hans kjende blant folka!

9. Syng for han og spel for han,syng om alle hans under!

10. Ver stolte over hans heilage namn!Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.

11. Spør etter Herren og hans makt,søk alltid hans andlet!

12. Kom i hug det underfulle han har gjort,teikna hans og lovene frå hans munn,

13. du ætt av Israel, hans tenar,Jakobs søner, som han har valt ut.

14. Han er Herren vår Gud,lovene hans gjeld over heile jorda.

15. Hugs hans pakt til evig tid,ordet han gav, i tusen slektsledd,

16. pakta han gjorde med Abraham,og eiden han svor til Isak.

17. Dette sette han opp som forskrift for Jakob,som ei evig pakt for Israel.

18. Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaantil arv og eige.»

19. Der var de ein liten flokk,få og framande.

20. Dei vandra frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

21. Men han lét ingen få undertrykkja dei,han refsa kongar for deira skuld:

22. «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

23. Syng for Herren, all jorda!Forkynn hans frelse frå dag til dag!

24. Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,mellom alle folk om hans under!

25. For Herren er stor og verdig lov og pris,verd å frykta meir enn alle gudar.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 16