Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16:23-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Syng for Herren, all jorda!Forkynn hans frelse frå dag til dag!

24. Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,mellom alle folk om hans under!

25. For Herren er stor og verdig lov og pris,verd å frykta meir enn alle gudar.

26. Alle gudane til folka er avgudar.Det var Herren som skapte himmelen.

27. Høgd og herlegdom er framfor han,makt og glans på hans heilage stad.

28. Gjev Herren ære, de folk og slekter,gjev Herren ære og makt!

29. Gjev Herren den ære hans namn skal ha.Kom fram for han med gåver!Bøy dykk for Herreni heilag prakt!

30. Skjelv for han, all jorda!Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.

31. Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 16