Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16:2-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn.

3. Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne.

4. Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud.

5. Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane,

6. og prestane Benaja og Jahasiel skulle ha som fast oppgåve å blåsa i trompetar framfor paktkista.

7. Den dagen sette David for første gong Asaf og brørne hans til å prisa Herren:

8. Pris Herren, kall på hans namn,gjer gjerningane hans kjende blant folka!

9. Syng for han og spel for han,syng om alle hans under!

10. Ver stolte over hans heilage namn!Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.

11. Spør etter Herren og hans makt,søk alltid hans andlet!

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 16