Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 16:15-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Hugs hans pakt til evig tid,ordet han gav, i tusen slektsledd,

16. pakta han gjorde med Abraham,og eiden han svor til Isak.

17. Dette sette han opp som forskrift for Jakob,som ei evig pakt for Israel.

18. Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaantil arv og eige.»

19. Der var de ein liten flokk,få og framande.

20. Dei vandra frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.

21. Men han lét ingen få undertrykkja dei,han refsa kongar for deira skuld:

22. «Rør ikkje dei som eg har salva,gjer ikkje vondt mot mine profetar!»

23. Syng for Herren, all jorda!Forkynn hans frelse frå dag til dag!

24. Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,mellom alle folk om hans under!

25. For Herren er stor og verdig lov og pris,verd å frykta meir enn alle gudar.

26. Alle gudane til folka er avgudar.Det var Herren som skapte himmelen.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 16