Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 15:26-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. Fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju vêrar.

27. David var kledd i ei kappe av fint lin. Det var også alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, den øvste av songarane som skulle bera. David hadde òg på seg prestedrakt av lin.

28. Så førte heile Israel Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn, med musikk frå trompetar og symbalar, harper og lyrer.

29. Slik gjekk det til då Herrens paktkiste vart boren inn i Davidsbyen. Men Mikal, dotter til Saul, såg ut gjennom vindauget og fekk auge på kong David som dansa og leika, og ho vanvørde han i hjartet.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 15