Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 14:4-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,

5. Jibhar, Elisjua, Elpelet,

6. Nogah, Nefeg, Jafia,

7. Elisjama, Beeljada og Elifelet.

8. Då filistrane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut mot dei.

9. Filistrane kom og plyndra i Refa'im-dalen.

10. Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»

11. Så drog dei opp til Baal-Perasim, og der slo David dei. Då sa han: «Gud har ved mi hand brote igjennom fiendens rekkjer, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei den staden Baal-Perasim.

12. Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David sa at dei skulle brennast.

13. Men filistrane kom att og spreidde seg ut over dalen.

14. Då bad David Gud om råd igjen, og han svara: «Du skal ikkje følgja rett etter dei. Gå rundt dei, så du kjem på dei midt framfor baka-trea.

15. Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, skal du gå til kamp. For då dreg Gud ut framfor deg for å slå filistarhæren.»

16. David gjorde som Gud hadde sagt han. Dei slo filistarhæren og forfølgde han frå Gibeon til Geser.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 14