Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 14:14-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då bad David Gud om råd igjen, og han svara: «Du skal ikkje følgja rett etter dei. Gå rundt dei, så du kjem på dei midt framfor baka-trea.

15. Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, skal du gå til kamp. For då dreg Gud ut framfor deg for å slå filistarhæren.»

16. David gjorde som Gud hadde sagt han. Dei slo filistarhæren og forfølgde han frå Gibeon til Geser.

17. Davids namn vart kjent i alle land, og Herren lét frykt for han koma over alle folkeslag.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 14