Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 14:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Hiram, kongen i Tyros, sende nokre utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømrarar. Dei skulle byggja eit slott for han.

2. Då skjøna David at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel, og at kongsveldet hadde vorte stort for hans folk Israels skuld.

3. David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.

4. Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,

5. Jibhar, Elisjua, Elpelet,

6. Nogah, Nefeg, Jafia,

7. Elisjama, Beeljada og Elifelet.

8. Då filistrane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut mot dei.

9. Filistrane kom og plyndra i Refa'im-dalen.

10. Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»

11. Så drog dei opp til Baal-Perasim, og der slo David dei. Då sa han: «Gud har ved mi hand brote igjennom fiendens rekkjer, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei den staden Baal-Perasim.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 14