Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 13:4-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Alle som var samla, sa at så skulle gjerast, for heile folket tykte dette var rett.

5. Så samla David heile Israel frå Sjihor i Egypt til Lebo-Hamat for å føra Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.

6. Saman med alle israelittane drog David til Baala, til Kirjat-Jearim, i Juda. Der ville han henta paktkista til Gud, kista som Herrens namn blir ropa ut over, han som tronar over kjerubane.

7. Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Ahjo som køyrde vogna.

8. David og heile Israel dansa og leika av all kraft for Guds andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, symbalar og trompetar.

9. Men då dei kom til treskjevollen til Kidon, rette Ussa ut handa for å ta tak i paktkista fordi oksane var ustyrlege.

10. Då vart Herren brennande harm på Ussa. Han slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds andlet.

11. David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, som han heiter den dag i dag.

12. Den dagen vart David gripen av frykt for Gud og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste heim til meg?»

13. Difor flytte han ikkje paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 13