Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 11:2-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»

3. Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.

4. David og heile Israel drog no til Jerusalem – det er Jebus. Der i landet budde jebusittane.

5. Dei som budde i Jebus, sa til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davidsbyen.

6. David sa: «Den som først feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom først opp, og han vart hovding.

7. David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davidsbyen.

8. Han bygde byen rundt ikring, frå Millo og heilt rundt, medan Joab fekk resten av byen på fote att.

9. David fekk stadig større makt, for Herren over hærskarane var med han.

10. Dette er dei fremste av krigsheltane til David. Saman med heile Israel gav dei kongsmakta hans sterk støtte. Dei ville gjera han til konge etter Herrens ord om Israel.

11. Dette er ei liste over krigarane til David: Først var det Jasjobam, son til Hakmoni, som var hovding for dei tre. Det var han som svinga spydet sitt over tre hundre falne på ein gong.

12. Etter han kom Elasar, son til Dodo frå Ahoah. Han var ein av dei tre heltane.

13. Han var med David ved Pas-Dammim då filistrane hadde samla seg til kamp der. Det var ein tett byggåker der, og då folket flykta for filistrane,

14. gjekk dei midt ut i åkeren og verna han. Dei hogg ned filistrane, og Herren lét dei vinna ein stor siger.

15. Ein gong drog tre av dei tretti hovdingane ned over berget til David, som var i hòla ved Adullam. Filistarhæren låg i leir i Refa'im-dalen.

16. David heldt den gongen til i fjellborga, og forposten til filistrane låg ved Betlehem.

17. Då vart David svært tørst og sa: «Kven vil henta vatn til meg frå brønnen ved byporten i Betlehem!»

18. Dei tre tok seg inn i filistarleiren. Dei auste opp vatn frå brønnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren

19. og sa: «Måtte min Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet til desse mennene som våga livet sitt for å henta vatn?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.

20. Absjai, bror til Joab, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

21. Han var svært høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.

22. Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange heltegjerningar. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein dag det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 11