Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 11:18-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Dei tre tok seg inn i filistarleiren. Dei auste opp vatn frå brønnen ved byporten i Betlehem og tok det med seg til David. Men han ville ikkje drikka. Han auste det ut for Herren

19. og sa: «Måtte min Gud fri meg frå å gjera noko slikt! Skulle eg drikka blodet til desse mennene som våga livet sitt for å henta vatn?» Og han ville ikkje drikka det. – Dette gjorde dei tre heltane.

20. Absjai, bror til Joab, var hovding over dei tretti. Ein gong svinga han spydet over tre hundre falne og fekk eit stort namn mellom dei tretti.

21. Han var svært høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.

22. Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange heltegjerningar. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein dag det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve.

23. Han felte òg ein svær egyptar som var fem alner høg. Egyptaren hadde eit spyd så tjukt som ein vevbom i handa. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa på egyptaren og drap han med hans eige spyd.

24. Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.

25. Han var høgt vørd mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.

26. Dei djervaste krigarane var: Asael, bror til Joab; Elhanan, son til Dodo, frå Betlehem;

27. Sjammot frå Harod; Heles frå Pelon;

28. Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa; Abieser frå Anatot;

29. Sibbekai frå Husja; Ilai frå Ahoah;

30. Mahrai frå Netofa; Heled, son til Baana, frå Netofa;

31. Itai, son til Ribai, frå Gibea i Benjamin; Benaja frå Piraton;

32. Hurai frå Gaasj-dalane; Abiel frå Bet-Araba;

33. Asmavet frå Bahurim; Eljahba frå Sjaalbon;

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 11