Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Krønikebok 10:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Saul var hardt pressa i kampen; bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.

4. Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet ditt og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og mishandla meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.

5. Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde han i døden.

6. Slik døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.

7. Då alle israelittane som budde i dalen, såg at soldatane hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.

8. Dagen etter kom filistrane for å plyndra dei døde. Då fann dei Saul og sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.

9. Dei plyndra Saul og tok med seg hovudet og våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for gudebileta og for folket.

10. Våpna hans la dei ned i gudetempelet sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel.

11. Då heile Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,

12. drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei knoklane deira under eiketreet i Jabesj og fasta i sju dagar.

13. Slik døydde Saul fordi han hadde vore trulaus mot Herren og ikkje halde seg etter Herrens ord. Han hadde òg spurt gjenferd til råds,

14. men ikkje søkt råd hos Herren. Difor lét Herren han døy, og kongedømet gjekk over til David, son til Isai.

Les hele kapitlet 1. Krønikebok 10