Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 9:6-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Men vender de og borna dykkar seg bort frå meg og ikkje held dei boda og forskriftene som eg har gjeve dykk, men tek til å dyrka andre gudar og tilbed dei,

7. då skal eg rydda israelittane ut av det landet eg gav dei. Det huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet, og Israel skal bli eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.

8. Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, bli forfærde og plystra hånleg og spørja: «Kvifor har Herren gjort slik med dette landet og dette huset?»

9. Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»

10. Då dei tjue åra var gått som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, Herrens hus og kongeborga,

11. gav han Hiram, kongen i Tyros, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ønskte seg.

12. Men då Hiram kom frå Tyros for å sjå på dei byane som Salomo hadde gjeve han, lika han dei ikkje.

13. Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, min bror?» Han kalla dei Kabul-landet, og det heiter det den dag i dag.

14. Men Hiram sende kongen hundre og tjue talentar gull.

15. Slik hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, like eins Hasor, Megiddo og Geser:

16. Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han sette byen i brann og drap alle kanaanearane som budde der. Sidan gav han byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 9