Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 9:2-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. synte Herren seg for han andre gongen slik han hadde synt seg for han i Gibeon,

3. og sa til han: Eg har høyrt bøna di og ropet om nåde som du bar fram for meg. Eg har helga huset som du har bygd, og vil la namnet mitt bu der for all tid. Auga mine og hjartet mitt skal alle dagar vera vende mot det.

4. Og du, så sant du ferdast for mitt andlet med eit heilt og ærleg hjarte, som David, far din, gjorde, gjer alt det eg har sagt deg, og held forskriftene og lovene mine,

5. då skal eg tryggja din kongsstol i Israel for all tid, slik som eg lova David, far din, då eg sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»

6. Men vender de og borna dykkar seg bort frå meg og ikkje held dei boda og forskriftene som eg har gjeve dykk, men tek til å dyrka andre gudar og tilbed dei,

7. då skal eg rydda israelittane ut av det landet eg gav dei. Det huset som eg har helga til namnet mitt, vil eg kasta bort frå mitt andlet, og Israel skal bli eit ordtak og eit spottord mellom alle folk.

8. Om dette huset er aldri så ruvande, skal alle som fer framom, bli forfærde og plystra hånleg og spørja: «Kvifor har Herren gjort slik med dette landet og dette huset?»

9. Og då skal folk svara: «Det er fordi dei forlét Herren sin Gud, han som førte fedrane deira ut frå Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka. Difor har Herren ført all denne ulukka over dei.»

10. Då dei tjue åra var gått som Salomo hadde brukt til å byggja dei to husa, Herrens hus og kongeborga,

11. gav han Hiram, kongen i Tyros, tjue byar i Galilea. For Hiram hadde hjelpt han med sedertre, sypresstre og gull, så mykje han ønskte seg.

12. Men då Hiram kom frå Tyros for å sjå på dei byane som Salomo hadde gjeve han, lika han dei ikkje.

13. Han sa: «Kva er dette for byar du har gjeve meg, min bror?» Han kalla dei Kabul-landet, og det heiter det den dag i dag.

14. Men Hiram sende kongen hundre og tjue talentar gull.

15. Slik hadde det seg med det pliktarbeidet som kong Salomo sette i gang då han skulle byggja Herrens hus, sitt eige hus, Millo og murane kring Jerusalem, like eins Hasor, Megiddo og Geser:

Les hele kapitlet 1. Kongebok 9