Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 9:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Baalat og Tamar i øydemarka der i landet,

19. og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Salomo bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.

20. Framleis var det att i landet amorittar, hetittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde til Israelsfolket.

21. Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att fordi israelittane ikkje hadde makta å utrydda dei, la Salomo pliktarbeid på. Slik har det vore til denne dag.

22. Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, befalingsmenn, våpenberarar og vognkommandantar og ryttarar.

23. Arbeidsformennene til Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.

24. Så snart dotter til farao hadde flytt frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd til henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.

25. Tre gonger om året bar Salomo fram brennoffer og fredsoffer på det altaret han hadde bygd for Herren, og han brende røykjelse for Herrens andlet. Slik vart tempelet ferdig.

26. Kong Salomo bygde ein flåte i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, i Edom-landet ved kysten av Sivsjøen.

27. På desse skipa sende Hiram nokre av mennene sine som var sjøfolk og kjende havet, av stad saman med mennene til Salomo.

28. Dei drog til Ofir og henta gull, fire hundre og tjue talentar, som dei førte til kong Salomo.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 9