Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 9:16-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Farao, kongen i Egypt, hadde gjort ei hærferd og teke Geser. Han sette byen i brann og drap alle kanaanearane som budde der. Sidan gav han byen i medgift til dotter si, som vart gift med Salomo.

17. Salomo bygde opp att Geser og Nedre Bet-Horon,

18. Baalat og Tamar i øydemarka der i landet,

19. og alle byane der Salomo hadde lagerhus, og dei byane der han hadde vognene og hestane sine. Salomo bygde òg alt han ønskte seg både i Jerusalem og i Libanon, i heile det riket han rådde over.

20. Framleis var det att i landet amorittar, hetittar, perisittar, hevittar og jebusittar, folk som ikkje høyrde til Israelsfolket.

21. Salomo la pliktarbeid på etterkomarane av desse folka, så mange som endå var att fordi israelittane ikkje hadde makta å utrydda dei, la Salomo pliktarbeid på. Slik har det vore til denne dag.

22. Men han sette ingen av israelittane til å gjera slavearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, befalingsmenn, våpenberarar og vognkommandantar og ryttarar.

23. Arbeidsformennene til Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.

24. Så snart dotter til farao hadde flytt frå Davidsbyen opp til det huset han hadde bygd til henne, gjekk han i gang med å byggja Millo.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 9