Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:58-66 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

58. men bøya hjartet vårt til seg, så vi går på vegane hans og held dei boda, forskriftene og lovene som han la på fedrane våre.

59. Måtte desse orda mine som eg har bede for Herrens andlet, vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten dei treng dag for dag.

60. Då skal alle folk på jorda sanna at Herren er Gud, han og ingen annan.

61. Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de følgjer forskriftene hans og held boda, som de gjer i dag.

62. Så ofra kongen og heile Israel med han slaktoffer til Herren.

63. Og Salomo bar fram fredsofferet for Herren. Det var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Slik vigsla kongen og alle israelittane Herrens hus.

64. Same dagen helga kongen den midtre delen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet. For bronsealtaret som stod for Herrens andlet, var for lite til å rømma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka frå fredsofferet.

65. På same tid heldt Salomo festen, og heile Israel med han. Det var ei stor forsamling som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. I sju dagar og sju dagar til, i alt fjorten dagar, heldt dei høgtid for Herren vår Guds andlet.

66. Den åttande dagen lét han folket fara. Dei bad farvel med kongen og drog heim, kvar til sitt, lukkelege og glade for alt det gode Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og Israel, folket sitt.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8