Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:46-61 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

46. Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap, til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær.

47. Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei blir haldne i fangenskap, og vender om og bed til deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda, bore oss ille åt og gjort urett.»

48. Om dei då vender om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug der i fiendeland, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt,

49. då må du i himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett.

50. Tilgjev folket ditt alle brota og syndene dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hos dei som held dei i fangenskap, så dei miskunnar seg over dei.

51. For dei er ditt folk og din eigedom, som du førte ut frå Egypt, midt ut av smelteomnen.

52. Lat auga dine vera opne for dei bøner og rop om nåde som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, og høyr alltid på dei når dei ropar på deg.

53. For du, Herre Gud, har skilt dei ut som din eigedom frå alle folkeslag på jorda, slik du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut frå Egypt.

54. Då Salomo hadde enda heile denne bøna til Herren om nåde, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen.

55. Ståande velsigna han heile Israels forsamling med høg røyst og sa:

56. Velsigna er Herren som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda.

57. Måtte Herren vår Gud vera med oss slik han var med fedrane våre! Måtte han ikkje forlata oss og ikkje støyta oss frå seg,

58. men bøya hjartet vårt til seg, så vi går på vegane hans og held dei boda, forskriftene og lovene som han la på fedrane våre.

59. Måtte desse orda mine som eg har bede for Herrens andlet, vera nær Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten dei treng dag for dag.

60. Då skal alle folk på jorda sanna at Herren er Gud, han og ingen annan.

61. Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de følgjer forskriftene hans og held boda, som de gjer i dag.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8