Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:39-49 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. då må du høyra det i himmelen der du tronar. Tilgjev, grip inn og gjev kvar og ein att etter framferda hans, du som kjenner hjartet hans. For du er den einaste som kjenner hjartet i kvart menneske!

40. Så skal dei frykta deg alle dei dagane dei lever i landet du gav fedrane våre.

41. Det kan òg henda at framande som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld.

42. For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din utstrekte arm. Når dei så kjem og bed, vende mot dette huset,

43. då må du høyra dei i himmelen der du tronar, og gjera alt det dei ropar til deg om! Slik skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal frykta deg liksom ditt eige folk, Israel, og sanna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygd.

44. Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, vende mot den byen som du har valt deg ut, og mot det huset som eg har bygd for namnet ditt,

45. då må du i himmelen høyra bønene deira og ropa om nåde og hjelpa dei til deira rett.

46. Når folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – så blir du harm på dei og gjev dei i fiendens hand, som fører dei i fangenskap, til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær.

47. Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei blir haldne i fangenskap, og vender om og bed til deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda, bore oss ille åt og gjort urett.»

48. Om dei då vender om til deg av heile sitt hjarte og heile sin hug der i fiendeland, hos dei som tok dei til fange, og bed til deg vende mot det landet du gav fedrane deira, mot byen som du har valt ut, og mot huset som eg har bygd for namnet ditt,

49. då må du i himmelen der du tronar, høyra bønene deira og ropa deira om nåde og hjelpa dei til deira rett.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8