Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:22-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Så stod Salomo fram for Herrens altar midt framfor heile Israels forsamling. Han breidde hendene ut mot himmelen

23. og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta og gjer godt mot tenarane dine når dei ferdast heilhjarta for ditt andlet.

24. Du har halde den lovnaden du gav din tenar David, far min. Med di hand har du oppfylt det du lova med din munn, som det viser seg i dag.

25. Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav din tenar David, far min, då du sa: «Det skal aldri mangla ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt andlet, så sant sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet slik som du har gjort.»

26. Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til din tenar David, far min!

27. Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå, himmelen og himlars himmel kan ikkje rømma deg, langt mindre dette huset som eg har bygd!

28. Vend deg mot bøna til tenaren din og ropet hans om nåde, Herre, min Gud! Høyr ropet frå tenaren din og den bøna han i dag bed for ditt andlet!

29. Hald auga dine opne over dette huset natt og dag. Vak over den staden der du har lova at namnet ditt skal bu. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden!

30. Ja, høyr den bøna om nåde som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Høyr dei i himmelen der du bur, høyr og tilgjev!

31. Når ein mann skader nesten sin og det blir kravd at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,

32. då må du høyra det i himmelen, gripa inn og skifta rett mellom tenarane dine. Døm den urettferdige skuldig og lat framferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige og lat han få løn for si rettferd!

33. Når Israel, folket ditt, blir slege av fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og prisar namnet ditt, bed og ropar til deg om nåde i dette huset,

34. då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira. Før dei tilbake til det landet du gav fedrane deira.

35. Når himmelen er stengd så det ikkje kjem regn fordi dei har synda mot deg, men dei så bed til deg, vende mot denne staden, prisar namnet ditt og vender om frå synda si fordi du har audmjuka dei,

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8