Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 8:2-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Og alle menn i Israel samla seg hos kong Salomo på festen i etanim månad, det er den sjuande månaden i året.

3. Då alle dei eldste i Israel var komne, lyfte prestane kista,

4. og dei førte Herrens paktkiste opp saman med teltheilagdomen og alt det heilage utstyret som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei.

5. Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels forsamling, som hadde samla seg hos han. Dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.

6. Så bar prestane Herrens paktkiste inn og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelrommet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.

7. For kjerubane breidde vengene ut over staden der kista stod, så dei dekte både kista og berestengene ovanfrå.

8. Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå Det heilage framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har dei vore til denne dag.

9. I kista fanst det ikkje anna enn dei to steintavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut frå Egypt.

10. Då prestane gjekk ut av heilagdomen, fylte skya Herrens hus.

11. Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte tempelet.

12. Då sa Salomo: Herren har sagtat han vil bu i ei mørk sky.

13. Men no har eg bygd deg ein staseleg bustad,ein stad der du kan bu i all tid.

14. Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels forsamling medan dei stod.

15. Han sa: Velsigna er Herren, Israels Gud, som med si hand har fullført det han med sin munn lova David, far min, då han sa:

16. «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut frå Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israel-stammane for at det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Men eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»

17. David, far min, hadde i tankar å byggja eit hus for namnet til Herren, Israels Gud.

18. Men Herren sa til David, far min: «Då du hadde i tankar å byggja eit hus for namnet mitt, var tanken god.

19. Likevel, det er ikkje du som skal byggja huset, men son din, som er av ditt eige kjøt og blod. Han skal byggja huset for namnet mitt.»

20. No har Herren halde det ordet han tala. Eg har følgt etter David, far min, og teke sete på Israels kongsstol, slik Herren har sagt, og eg har bygd huset for namnet til Herren, Israels Gud.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 8