Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhallen. Det var bygd på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det likna forhallen.

9. Alle desse bygningane var av kostbare steinar som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnmuren til gesimsen og på utsida ut mot den store borggarden.

10. Grunnmuren var av kostbare og store steinar, steinar på ti alner og på åtte alner.

11. Over dei var det kostbare steinar som var hogne etter mål, og sedertre.

12. Rundt den store føregarden var det tre lag med hoggen stein og eitt lag med sederbjelkar. Slik var det òg rundt den indre føregarden til Herrens hus og rundt forhallen.

13. Kong Salomo sende bod etter Hiram frå Tyros.

14. Han var son til ei enkje av Naftali-stammen, og far hans var ein koparsmed frå Tyros. Hiram hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.

15. Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner for å nå ikring henne. Den andre søyla var like stor.

16. Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt.

17. På søylehovuda øvst på søylene var det slyngornament: blomeranker i form av lenkjearbeid, sju for kvart søylehovud.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7