Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:42-51 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. dei fire hundre granatepla til dei to slyngornamenta – to rader med granateple til kvart ornament, til å dekkja dei to skålene på søylehovuda øvst på søylene;

43. dei ti vognstativa og dei ti fata til kvart av dei;

44. havet – det var berre eitt – og dei tolv oksane under det;

45. grytene, eldskuffene og offerskålene. Alt dette utstyret som Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.

46. Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.

47. Salomo sette på plass alt utstyret, som var i slike mengder at det ikkje lét seg seia kor mykje bronsen vog.

48. Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Herrens hus: gullaltaret og gullbordet som skodebrøda skulle liggja på;

49. lysestakane, fem til høgre og fem til venstre framfor Det høgheilage, av reint gull, blomeornamenta, lampene og tengene av gull;

50. bollane, knivane, offerskålene, kannene og glopannene av reint gull. Panelet på dørene til det inste rommet, Det høgheilage, og panelet på dørene til tempelhallen var lagt med gull.

51. Så var det fullført, alt arbeidet som kong Salomo hadde gjort på Herrens hus. Og han flytte dit det som David, far hans, hadde vigd til Herren, både sølvet og gullet og alt utstyret. Han la det inn i skattkammera i Herrens hus.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7