Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:27-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Så laga han ti vognstativ i bronse. Kvart stativ var fire alner langt, fire alner breitt og tre alner høgt.

28. Vognstativa var laga slik: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.

29. På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det òg på rammelistene. Under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.

30. Kvart vognstativ hadde fire hjul av bronse og akslar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar som var støypte på under vassfatet. Bak kvar av dei var det kransar.

31. Opninga for kvart vognstativ var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Opninga var rund, hadde form som ein sokkel og var på halvanna alen. Det var utskjeringar på opninga òg. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.

32. Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulakslane sat på vognstativet. Kvart hjul var halvanna alen høgt.

33. Hjula var laga som vognhjul; akslane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt.

34. Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart vognstativ. Berearmane var ein del av stativet.

35. Øvst på kvart vognstativ gjekk ein runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst og var støypte i eitt med stativet.

36. På flatsida av handtaka og på tverrlistene skar han ut kjerubar, løver og palmar etter som det var rom til, og kransar rundt ikring.

37. Slik laga han dei ti vognstativa. Dei var alle støypte på same vis og hadde same mål og form.

38. Så laga han ti bronsefat. Kvart fat tok førti bat og målte fire alner. Det var eitt fat for kvart av dei ti vognstativa.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7