Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:21-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Han reiste søylene attmed forhallen til tempelet. Han reiste opp den høgre søyla og kalla henne Jakin. Så reiste han opp den venstre søyla og kalla henne Boas.

22. Øvst på søylene var handverk av liljer. No var arbeidet med søylene fullført.

23. Så laga han havet av støypt metall. Det var sirkelforma og målte ti alner frå kant til kant. Høgda var fem alner, og omkrinsen var tretti alner målt med målesnor.

24. Nedanfor kanten var det prydd med graskar heile vegen rundt. Dei omkransa heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med graskarutsmykkingar, støypte i eitt med havet.

25. Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.

26. Det var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit beger, forma som ein lotusblom. Havet romma to tusen bat.

27. Så laga han ti vognstativ i bronse. Kvart stativ var fire alner langt, fire alner breitt og tre alner høgt.

28. Vognstativa var laga slik: Dei hadde tverrlister, og tverrlistene låg mellom rammelistene.

29. På tverrlistene mellom rammelistene var det løver, oksar og kjerubar, og det var det òg på rammelistene. Under løvene og oksane var det kransar av hamra arbeid.

30. Kvart vognstativ hadde fire hjul av bronse og akslar av bronse. På dei fire føtene var det berearmar som var støypte på under vassfatet. Bak kvar av dei var det kransar.

31. Opninga for kvart vognstativ var innanfor kransen og nådde ei alen opp over han. Opninga var rund, hadde form som ein sokkel og var på halvanna alen. Det var utskjeringar på opninga òg. Men tverrlistene var firkanta, ikkje runde.

32. Dei fire hjula var under tverrlistene, og hjulakslane sat på vognstativet. Kvart hjul var halvanna alen høgt.

33. Hjula var laga som vognhjul; akslane, hjulringane, eikene og nava – alt saman var støypt.

34. Dei fire berearmane var feste til dei fire hjørna på kvart vognstativ. Berearmane var ein del av stativet.

35. Øvst på kvart vognstativ gjekk ein runding som var ei halv alen høg. Handtaka og berearmane sat øvst og var støypte i eitt med stativet.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7