Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:14-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Han var son til ei enkje av Naftali-stammen, og far hans var ein koparsmed frå Tyros. Hiram hadde godt skjøn og stor kunnskap, så han kunne gjera allslags arbeid i bronse. Han kom til Salomo og gjorde alt det arbeidet kongen ville ha gjort.

15. Hiram støypte dei to bronsesøylene. Den eine søyla var atten alner høg, og det trongst ei snor på tolv alner for å nå ikring henne. Den andre søyla var like stor.

16. Så laga han to søylehovud til å setja på toppen av søylene. Dei var støypte av bronse, og kvart søylehovud var fem alner høgt.

17. På søylehovuda øvst på søylene var det slyngornament: blomeranker i form av lenkjearbeid, sju for kvart søylehovud.

18. Han laga to rader med granateple kring det eine av ornamenta som skulle dekkja søylehovuda øvst på søylene. Slik gjorde han med det andre søylehovudet òg.

19. Hovuda øvst på søylene i forhallen var forma som liljer og målte fire alner.

20. Rundt begge søylehovuda, rett ovanfor utbuktinga på den andre sida av ornamentet, hang to hundre granateple i rekkjer.

21. Han reiste søylene attmed forhallen til tempelet. Han reiste opp den høgre søyla og kalla henne Jakin. Så reiste han opp den venstre søyla og kalla henne Boas.

22. Øvst på søylene var handverk av liljer. No var arbeidet med søylene fullført.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7