Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 7:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Salomo bygde på kongeborga si i tretten år før han fekk henne ferdig.

2. Han bygde Libanon-skoghuset, hundre alner langt, femti alner breitt og tretti alner høgt. Det hadde fire rader med søyler av sedertre, og oppå søylene var det sederbjelkar.

3. Det var eit tak av sedertre over takbjelkane som kvilte mot søylene. I alt var det førtifem, femten i kvar rad.

4. Huset hadde tre rader glas med karmar. Glasa låg beint imot kvarandre i tre høgder.

5. Alle dørene og glasa hadde firkanta karmar og vende beint imot kvarandre i tre høgder.

6. Så bygde han søylehallen, som var femti alner lang og tretti alner brei. Framfor han var det ein forhall med søyler, og framfor den eit skjermtak.

7. Dessutan bygde han tronhallen, der han sat og dømde, Domshallen. Han kledde han med sedertre frå golv til tak.

8. Hans eige hus, det som han budde i, låg i den andre garden innanfor forhallen. Det var bygd på same måten. Salomo bygde òg eit hus for dotter til farao, som han hadde teke til kone. Det likna forhallen.

9. Alle desse bygningane var av kostbare steinar som var hogne etter mål. Dei var skorne til med steinsag både på innsida og utsida, frå grunnmuren til gesimsen og på utsida ut mot den store borggarden.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 7