Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6:7-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då huset vart reist, bygde dei det av steinar frå steinbrotet, ferdig tilhogne. Ein høyrde verken hammar eller meisel eller noko anna verktøy av jern i huset då det vart bygd.

8. Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på høgre sida av huset. Ei vindeltrapp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda.

9. Då Salomo hadde reist tempelbygget, tekte han det med bjelkar og bord av sedertre.

10. I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar.

11. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde slik:

12. «No byggjer du dette huset. Om du følgjer forskriftene mine, held lovene mine, aktar på alle boda mine og følgjer dei, så vil eg gjera mot deg etter det ordet eg gav David, far din.

13. Eg vil bu midt mellom israelittane og ikkje skiljast frå Israel, folket mitt.»

14. Så bygde Salomo huset og gjorde det ferdig.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 6