Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6:17-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Tempelhallen framfor det inste rommet var førti alner lang.

18. Innvendes hadde huset utskjeringar i sedertre, av graskar og utsprotne blomar. Alt saman var sedertre; steinen synte ikkje nokon stad.

19. Inst inne i tempelet bygde han Det høgheilage. Der skulle Herrens paktkiste stå.

20. Dette rommet, som var tjue alner langt, tjue alner breitt og tjue alner høgt, kledde han med reint gull. Framfor Det høgheilage sette Salomo eit altar. Det kledde han med sedertre.

21. Salomo kledde huset innvendig med reint gull. Han hengde gullkjeder framfor inngangen til Det høgheilage og kledde han med gull.

22. Heile huset kledde han med gull, frå ende til annan. Og heile altaret som stod framfor det inste rommet, kledde han med gull.

23. I Det høgheilage laga han to kjerubar av oliventre; dei var ti alner høge.

24. Den eine kjeruben hadde ein veng som var fem alner, og vengen på den andre sida var òg fem alner. Det var ti alner frå vengespiss til vengespiss.

25. Den andre kjeruben var òg ti alner mellom vengespissane. Begge kjerubane hadde same storleik og same form.

26. Den eine kjeruben var ti alner høg, og det var den andre òg.

27. Desse kjerubane sette han midt i Det høgheilage i tempelet. Og dei breidde ut vengene sine så vengen på den eine rakk bort til den eine veggen, og vengen på den andre rakk bort til den andre veggen, og dei to andre vengene nådde i hop midt i rommet.

28. Han kledde kjerubane med gull.

29. Alle veggene i huset, både innvendig og utvendig, prydde han med utskorne bilete av kjerubar, palmar og utsprotne blomar.

30. Golvet i huset la han med gull både inne og ute.

31. Ved inngangen til Det høgheilage laga han dører av oliventre. Dørkarmane skråna innover i fem avsatsar.

32. Dei to dørene av oliventre prydde han med utskjeringar av kjerubar, palmar og utsprotne blomar, og han kledde dei med gull. Han hamra ut gullet på kjerubane og palmane.

33. Like eins laga han dørstolpar av oliventre for inngangen til tempelhallen. Dørkarmane skråna innover i fire avsatsar.

34. Dei to dørene var av sypresstre. Begge dørene hadde to halvdører som kunne svingast.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 6