Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 6:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. I det fire hundre og åttiande året etter at israelittane hadde gått ut av Egypt, i siv månad, som er den andre månaden, byrja Salomo å byggja Herrens hus. Salomo var då konge i Israel på fjerde året.

2. Huset som kong Salomo bygde for Herren, var seksti alner langt, tjue alner breitt og tretti alner høgt.

3. Forhallen framfor tempelrommet var tjue alner lang, svarande til breidda på huset, og ti alner brei. Han låg på framsida.

4. På huset laga han vindauge som skråna innover. Dei var vide mot utsida og tronge mot innsida.

5. Rundt den ytre husveggen, både langs tempelhallen og det inste rommet, reiste han eit tilbygg, og der laga han siderom.

6. Den nedste høgda var fem alner brei, den mellomste seks alner brei og den øvste sju alner brei. For han hadde laga avsatsar rundt ikring på utsida av huset så ikkje bjelkane skulle gå inn i husveggen.

7. Då huset vart reist, bygde dei det av steinar frå steinbrotet, ferdig tilhogne. Ein høyrde verken hammar eller meisel eller noko anna verktøy av jern i huset då det vart bygd.

8. Døra inn til nedste høgda i tilbygget var på høgre sida av huset. Ei vindeltrapp førte opp i mellomste høgda og derifrå opp i tredje høgda.

9. Då Salomo hadde reist tempelbygget, tekte han det med bjelkar og bord av sedertre.

10. I tilbygget som han reiste kring heile huset, var kvar høgd fem alner. Det var fest til huset med sederbjelkar.

11. Då kom Herrens ord til Salomo, og det lydde slik:

Les hele kapitlet 1. Kongebok 6