Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 4:24-34 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. For han herska over alt land vestafor Eufrat, frå Tifsah til Gaza, over alle kongane vestafor Eufrat, og hadde fred på alle kantar rundt ikring.

25. I Juda og Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, sat kvar mann trygt under sin vinstokk og sitt fikentre så lenge Salomo levde.

26. Salomo hadde førti tusen stallplassar til vognhestane sine og tolv tusen ryttarar.

27. Dei tolv futane sytte kvar sin månad for matforsyningar til kong Salomo og alle som gjekk til hans bord. Dei lét det ikkje skorta på noko.

28. Dei skulle òg etter tur gje bygg og halm til hestane og trekkdyra der dei heldt seg.

29. Gud gav Salomo visdom og svært stor innsikt og ein forstand vidare enn sanden på havsens strand.

30. Visdomen til Salomo var større enn visdomen til alle i aust og alle egyptarane.

31. Han var visare enn noko anna menneske, visare enn Etan av Esrah-ætta og Mahol-sønene Heman, Kalkol og Darda. Namnet hans var kjent mellom alle heidningfolka rundt ikring.

32. Salomo smidde tre tusen ordtak, og songane hans var eitt tusen og fem i talet.

33. Han dikta om trea, frå sederen på Libanon til isopen som veks ut av muren, og han dikta om fe og fuglar, krypdyr og fiskar.

34. Og dei kom frå alle folk for å høyra visdomen til Salomo, frå alle kongar på jorda som hadde høyrt om visdomen hans.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 4