Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 4:14-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Ahinadab, son til Iddo, hadde Mahanajim;

15. Ahimaas hadde Naftali – han òg var gift med ei av døtrene til Salomo, Basmat;

16. Baana, son til Husjai, i Asjer og Alot;

17. Josjafat, son til Paruah, i Jissakar;

18. Sjimi, son til Ela, i Benjamin;

19. Geber, son til Uri, i Gilead, det landet som amorittkongen Sihon og Basan-kongen Og hadde hatt. Dessutan var det ein fut i Juda.

20. Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade.

21. Salomo herska over alle kongerika frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei betalte skatt og stod under Salomo så lenge han levde.

22. Til matlaging hos Salomo gjekk det kvar dag med tretti kor fint mjøl og seksti kor grovt mjøl,

23. ti gjødde oksar, tjue drifteoksar og hundre sauer og i tillegg hjortar, gasellar, dådyr og gjødde gjæser.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 4