Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 3:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Salomo vart svigerson til farao, kongen i Egypt. Han tok dotter til farao til ekte og førte henne heim til Davidsbyen. Der budde ho til han hadde bygd ferdig sitt eige hus, Herrens hus og muren kring Jerusalem.

2. Men folket heldt fram med å ofra på haugane, for enno var det ikkje bygd noko hus for Herrens namn.

3. Salomo elska Herren, så han følgde forskriftene frå David, far sin. Men han ofra på haugane og tende offereld der.

4. Kongen fór til Gibeon for å ofra der, sidan det var største offerhaugen. Tusen brennoffer bar Salomo fram på altaret der.

5. I Gibeon synte Herren seg for Salomo i ein draum om natta. Gud sa: «Bed om kva du vil. Eg skal gje deg det!»

6. Salomo svara: «Du har vist stor miskunn mot din tenar David, far min, fordi han ferdast for ditt andlet i truskap og rettferd og hadde eit hjarte som var ærleg. Og denne store miskunn har du halde fast på. Du gav han ein son som skulle sitja på kongsstolen hans, så som det er i dag.

7. No har du, Herre, min Gud, gjort tenaren din til konge etter David, far min. Men eg er berre ein ungdom og veit ikkje korleis eg skal bera meg åt i eitt og alt.

8. Her står tenaren din midt imellom folket ditt som du har valt ut, eit folk så stort at det ikkje kan teljast, og så talrikt at det ikkje kan reknast.

9. Så gjev då tenaren din eit hjarte som kan høyra, så eg kan styra folket ditt og skilja mellom godt og vondt. For kven kan elles styra dette folket, så stort som det er?»

10. At nett dette var svaret frå Salomo, var godt i Herrens auge.

11. Og Gud sa til han: «Sidan du bad om dette og ikkje om eit langt liv eller rikdom eller at fiendane dine skulle døy, men om vit til å skjøna kva som er rett,

12. så vil eg gjera det du har bede om. Eg gjev deg eit vist og vitug hjarte. Aldri før har det vore nokon som deg, og din like skal heller aldri koma.

13. Og det du ikkje bad om, vil eg gje deg, både rikdom og ære. Så lenge du lever, skal det ikkje finnast din like mellom kongane.

14. Og ferdast du på mine vegar og held lovene og boda mine, liksom David, far din, gjorde, så skal eg gje deg eit langt liv.»

15. Salomo vakna. Det hadde vore ein draum. Og då han kom til Jerusalem, steig han fram for Herrens paktkiste. Han ofra brennoffer, bar fram fredsoffer og heldt festmåltid for alle tenarane sine.

16. Seinare ein gong steig det to prostituerte kvinner fram for kongen.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 3