Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 22:18-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Då sa Israels-kongen til Josjafat: «Var det ikkje det eg sa til deg? Han profeterer aldri noko godt om meg, berre vondt.»

19. Mika sa: Så høyr då Herrens ord! Eg såg Herren sitja på kongsstolen sin, og heile himmelhæren stod omkring han, somme på høgre og somme på venstre sida.

20. Då spurde Herren: «Kven vil lokka Ahab så han fer opp mot Ramot i Gilead og fell der?» Ein svara så og ein annan så.

21. Då gjekk ei ånd fram, stilte seg for Herrens andlet og sa: «Eg skal lokka han.» «Korleis?» spurde Herren.

22. Ho svara: «Eg vil fara av stad og vera ei løgnarånd i munnen på alle profetane hans.» Då sa Herren: «Ja, du skal lokka han, og det skal lukkast for deg òg. Far av stad og gjer så!»

23. Så har då Herren lagt ei løgnarånd i munnen på alle desse profetane dine. Herren har varsla ulukke for deg.

24. Då gjekk Sidkia, son til Kenaana, bort og slo Mika på kinnet og sa: «Korleis har Herrens ande fare over frå meg for å tala gjennom deg?»

25. Mika svara: «Det skal du få sjå den dagen du flyktar frå rom til rom for å gøyma deg.»

26. Då sa Israels-kongen: «Ta Mika og før han bort til bykommandanten Amon og kongssonen Joasj

27. og sei: Så seier kongen: Set denne mannen i fengsel! Lat han berre få små rasjonar med brød og vatn til eg kjem uskadd heim att.»

28. Mika sa: «Kjem du uskadd heim att, så har ikkje Herren tala gjennom meg.» Og han la til: «Høyr dette, alle folk!»

29. Så drog Israels-kongen og Josjafat, Juda-kongen, opp mot Ramot i Gilead.

30. Israels-kongen sa til Josjafat: «Eg vil kle meg ut før eg går i striden. Men du kan ha på deg dei vanlege kleda dine.» Så kledde Israels-kongen seg ut og drog ut i krigen.

31. Aramearkongen hadde gjeve dette bodet til dei trettito kommandantane for stridsvognene sine: «De skal ikkje kjempa mot kven som helst, korkje høg eller låg, men berre mot Israels-kongen.»

32. Då vognkommandantane fekk auge på Josjafat, sa dei: «Det må vera Israels-kongen.» Så vende dei seg mot han og gjekk til åtak. Då sette Josjafat i å ropa høgt.

33. Då vognkommandantane såg at det ikkje var Israels-kongen, vende dei seg frå han.

34. Men ein mann spente bogen og skaut på måfå. Han råka Israels-kongen mellom brynjeplatene. Då sa kongen til vognstyraren sin: «Snu og køyr meg vekk frå slaget! Eg er såra.»

35. Kampen vart hardare og hardare utover dagen, og dei heldt kongen oppreist i vogna under striden mot aramearane. Men då kvelden kom, døydde han. Og blodet frå såret rann ned i botnen av vogna.

36. Ved solnedgang gjekk det eit rop gjennom leiren: «Kvar mann heim til sin by og sitt land!»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 22