Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 21:21-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. fører eg no ulukke over deg. Så vil eg feia etter deg og rydda ut alle mannfolk i Ahab-ætta i Israel, både fange og fri.

22. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta til Jeroboam, son til Nebat, og med ætta til Basja, son til Ahia. For du har gjort meg rasande og fått Israel til å synda.

23. Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisreel-vollen.

24. Den av Ahab-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

25. Aldri har det vore ein slik konge som Ahab. Han selde seg til å gjera det som var vondt i Herrens auge, fordi Jesabel, kona hans, lokka han til det.

26. Men det styggaste var at han følgde avgudane, heilt og fullt som amorittane hadde gjort, dei som Herren hadde drive bort for israelittane.

27. Då Ahab høyrde kva Elia sa, reiv han sund kleda sine, batt sekkestrie om kroppen og fasta. Han sov i sekkestrien og gjekk stilt omkring.

28. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:

Les hele kapitlet 1. Kongebok 21