Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 21:12-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Dei ropa ut ei faste og lét Nabot sitja øvst mellom folket.

13. Då kom dei to vondsinna mennene og sette seg midt imot han. Dei vitna mot han så folket høyrde det, og sa: «Nabot har forbanna Gud og kongen.» Og dei førte han ut av byen og steina han til døde.

14. Så sende dei bod til Jesabel og sa: «Nabot har vorte steina. Han er død.»

15. Så snart Jesabel fekk høyra at Nabot var steina til døde, sa ho til Ahab: «Stå opp og ta vingarden til Nabot frå Jisreel i eige, den som han nekta å selja deg for pengar! For Nabot lever ikkje lenger; han er død.»

16. Då Ahab høyrde at Nabot var død, stod han opp og gjekk ned til vingarden for å ta han i eige.

17. Då kom Herrens ord til Elia frå Tisjbe:

18. «Stå opp, gå ned og møt Ahab, Israels-kongen, som bur i Samaria! No er han i vingarden til Nabot; han er nett gått dit ned for å ta han i eige.

19. Tal til han og sei: Så seier Herren: Har du ikkje myrda, og no har du alt teke over eigedomen? Deretter skal du tala til han og seia: Så seier Herren: På den staden der hundane sleikte blodet til Nabot, skal dei sleikja ditt blod òg.»

20. Ahab sa til Elia: «Har du funne meg no, uvenen min?» Han svara: «Ja, eg har funne deg. Fordi du har selt deg til å gjera det som er vondt i Herrens auge,

21. fører eg no ulukke over deg. Så vil eg feia etter deg og rydda ut alle mannfolk i Ahab-ætta i Israel, både fange og fri.

22. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta til Jeroboam, son til Nebat, og med ætta til Basja, son til Ahia. For du har gjort meg rasande og fått Israel til å synda.

23. Og om Jesabel har Herren sagt: Hundane skal eta opp Jesabel på Jisreel-vollen.

24. Den av Ahab-ætta som døyr i byen, skal hundane eta opp; og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 21