Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:30-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Dei som var att, flykta til byen Afek. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.Ben-Hadad flykta òg. Han flykta inn i byen og sprang frå rom til rom.

31. Då sa mennene hans til han: «Vi har høyrt at kongane av Israels hus er forsonlege. Lat oss binda sekkestrie om hoftene og leggja tau om hovudet og så gå ut til Israels-kongen! Kanskje han då lèt deg få leva.»

32. Så batt dei sekkestrie om hoftene og tau om hovuda, og då dei kom til Israels-kongen, sa dei: «Din tenar Ben-Hadad bed om at du må la han få leva.» Ahab svara: «Lever han enno? Han er bror min.»

33. Mennene tykte dette var eit godt varsel. Dei tok han straks på ordet og sa: «Ja, Ben-Hadad er bror din.» Då sa Ahab: «Gå og hent han!» Ben-Hadad kom ut til han, og Ahab lét han stiga opp i vogna si.

34. Då sa Ben-Hadad til han: «Dei byane som far min tok frå far din, vil eg gje deg tilbake. Og du kan få byggja basargater i Damaskus, slik far min gjorde i Samaria.» Ahab svara: «På det vilkåret gjev eg deg fri.» Så gjorde han ei pakt med Ben-Hadad og sleppte han fri.

35. Ein av profetlæresveinane sa på Herrens bod til ein av dei andre: «Slå til meg!» Men mannen nekta.

36. Då sa profeten til han: «Fordi du ikkje lydde Herrens røyst, skal det koma ei løve og drepa deg når du går frå meg.» Og med det same den andre gjekk, kom det ei løve imot han og drap han.

37. Så møtte profeten ein annan mann og sa: «Slå til meg!» Mannen slo til han og gav han eit sår.

38. Profeten gjekk og stilte seg opp på vegen for å venta på kongen. Han hadde knytt eit bind for auga så ingen kunne kjenna han att.

39. Då kongen kom forbi, ropa profeten til han: «Tenaren din gjekk med i den verste striden. Midt i striden kom det ein bort til meg med ein mann og sa: Sjå vel etter denne karen! Slepp han unna, må du bøta for det med ditt eige liv eller betala ein talent sølv.

40. Men då tenaren din hadde det travelt med både det eine og det andre, vart mannen borte.» Israels-kongen sa: «Der felte du din eigen dom.»

41. Då reiv profeten bindet frå auga, og kongen kjende han att og såg at det var ein av profetane.

42. Profeten sa til han: «Så seier Herren: Fordi du lét den mannen som eg hadde bannlyst, sleppa unna, skal du lata livet i staden for han, og ditt folk i staden for hans folk.»

43. Så drog Israels-kongen heim. Motlaus og bitter kom han til Samaria.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20