Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:21-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Slik gav han aramearane eit stort nederlag.

22. Då steig profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Gå og rust deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For ved årsskiftet vil aramearkongen dra opp mot deg att.»

23. Mennene til aramearkongen sa til kongen sin: «Guden deira er ein fjellgud. Difor vann dei over oss. Men kjempar vi mot dei på sletta, vinn vi over dei.

24. Dette skal du gjera: Avset alle desse kongane og set inn statthaldarar i staden!

25. Du skal stilla opp ein hær som er like stor som den du mista, med like mange hestar og vogner. Lat oss så kjempa mot dei på slett mark. Då skal vi sikkert slå dei.» Kongen høyrde på rådet og gjorde som dei sa.

26. Ved årsskiftet mønstra Ben-Hadad aramearhæren. Han drog opp til Afek for å kjempa mot Israel.

27. Israelittane vart òg kalla til våpen og fekk utstyr. Dei drog ut mot aramearane og leira seg midt imot dei som to små geiteflokkar, medan aramearhæren fylte heile landet.

28. Då steig gudsmannen fram for Israels-kongen og sa til han: «Så seier Herren: Fordi aramearane har sagt at Herren berre er ein fjellgud og ikkje ein gud i dalane, så vil eg gje heile denne store flokken i di hand, og de skal sanna at eg er Herren.»

29. I sju dagar låg hærane midt imot einannan. Den sjuande dagen byrja krigen. Israelittane felte på ein dag hundre tusen mann av fotfolket til aramearane.

30. Dei som var att, flykta til byen Afek. Men bymuren ramla ned over dei 27 000 mennene som var att.Ben-Hadad flykta òg. Han flykta inn i byen og sprang frå rom til rom.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20