Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 20:10-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Endå ein gong sende Ben-Hadad bod til han og sa: «Måtte gudane la det gå meg ille både no og sidan om det blir nok støv att av Samaria til at folket som følgjer meg, kan få ei handfull kvar.»

11. Israels-kongen svara: «Sei til han at den som bind sverdet om seg, ikkje må skryta slik den gjer som tek det av seg.»

12. Ben-Hadad fekk denne meldinga medan han og dei andre kongane sat og drakk i Sukkot. Han sa då til mennene sine: «Still dykk opp!» Dei stilte seg opp for å storma byen.

13. Då gjekk ein profet fram for Ahab, kongen i Israel, og sa:«Så seier Herren:Ser du denne store flokken?I dag gjev eg han i dine hender,og du skal sanna at eg er Herren.»

14. «Kven skal gjera dette?» spurde Ahab. Profeten svara: «Så seier Herren: Det skal dei unge mennene til futane gjera.» Kongen spurde: «Kven skal byrja krigen?» Han svara: «Du sjølv.»

15. Ahab mønstra mennene til futane. Dei var to hundre og trettito i talet. Sidan mønstra han heile hæren, alle israelittane; det var sju tusen mann.

16. Dei rykte ut ved middagstid medan Ben-Hadad sat i Sukkot og drakk seg full saman med dei trettito kongane som slutta opp om han.

17. Mennene til futane drog først ut. Ben-Hadad hadde sendt ut folk, og dei kom og melde at nokre menn hadde drege ut frå Samaria.

18. Då sa han: «Har dei rykt ut i fredeleg ærend, så ta dei levande. Har dei rykt ut for å strida, så ta dei levande då òg.»

19. Så drog dei ut av byen, både mennene til futane og hæren som følgde dei.

20. Dei hogg ned kvar sin mann. Aramearane flykta, og israelittane forfølgde dei. Aramearkongen Ben-Hadad slapp unna til hest saman med nokre ryttarar.

21. Sidan drog Israels-kongen sjølv ut og tok hestane og vognene deira. Slik gav han aramearane eit stort nederlag.

22. Då steig profeten fram for Israels-kongen og sa til han: «Gå og rust deg til strid! Tenk vel etter kva du skal gjera. For ved årsskiftet vil aramearkongen dra opp mot deg att.»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 20