Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:6-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Bruk no det gode vitet ditt. Lat ikkje den gamle og gråhåra mannen fara i fred til dødsriket.

7. Men mot sønene til Barsillai frå Gilead skal du gjera godt. Lat dei vera mellom dei som et ved bordet ditt. For dei tok venleg imot meg då eg flykta frå Absalom, bror din.

8. Du har òg hos deg Sjimi, son til Gera frå Bahurim, av Benjamin-stammen. Det var han som forbanna meg så stygt den dagen eg var på veg til Mahanajim. Men seinare kom han og møtte meg nede ved Jordan. Då svor eg ved Herren at eg ikkje skulle la han døy for sverd.

9. Men du må ikkje la han sleppa straff. Du er ein klok mann og veit nok kva du skal gjera med han. Lat han gå ned til dødsriket med blod i det gråe håret sitt.

10. Så gjekk David til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Davidsbyen.

11. I førti år hadde David vore konge over Israel. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem.

12. Salomo sette seg på kongsstolen etter David, far sin, og kongedømet hans var trygt grunnfest.

13. Adonja, son til Haggit, kom til Batseba, mor til Salomo. «Kjem du i fredeleg ærend?» spurde ho. «Ja», svara han,

14. «men det er ei sak eg gjerne vil snakka med deg om.» «Sei det», sa ho.

15. Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle bli konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv.

16. No er det berre éin ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba.

17. Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.»

18. Batseba svara: «Ja vel, eg skal snakka med kongen for deg.»

19. Så gjekk Batseba til kong Salomo for å leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Ein stol vart sett fram for mor til kongen; ho sette seg ved høgre sida hans.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2