Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:37-46 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. Det skal du vita at den dagen du tek ut og går over Kedron-bekken, er du dømd til å døy. Blodet ditt skal renna over ditt eige hovud.»

38. Sjimi svara kongen: «Ja vel, tenaren din skal retta seg etter din vilje, herre konge.» Og Sjimi vart buande lenge i Jerusalem.

39. Men då tre år var lidne, rømde to av Sjimis slavar til kongen i Gat, Akisj, son til Maaka. Då Sjimi fekk vita at slavane var i Gat,

40. gjorde han seg ferdig og sala eselet sitt. Han gav seg i veg til Akisj i Gat for å krevja slavane sine tilbake. Sjimi fór av stad og henta slavane frå Gat.

41. Salomo fekk melding om at Sjimi hadde fare frå Jerusalem til Gat og no var komen tilbake.

42. Då sende kongen bod etter Sjimi og sa til han: «Tok eg deg ikkje i eid ved Herren då eg åtvara deg og sa: Det skal du vita for visst at den dagen du forlèt Jerusalem og går nokon annan stad, er du dømd til å døy. Og du svara: Ja vel, eg har høyrt kva du seier.

43. Kvifor har du då ikkje halde din eid til Herren og det påbodet eg gav deg?

44. Du kjenner til, ja, du veit i hjartet kor mykje vondt du har gjort mot David, far min. Herren lèt no vondskapen koma over ditt eige hovud.

45. Men kong Salomo skal vera velsigna, og kongsstolen til David skal stå trygt for Herrens andlet til alle tider.»

46. Så baud kongen Benaja, son til Jojada, gå ut og hogga han ned. Slik døydde Sjimi.Og kongsmakta låg trygt i Salomos hand.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2