Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:15-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Då sa han: «Du veit at kongedømet med rette var mitt, og heile Israel venta at eg skulle bli konge. Men så gjekk kongedømet over frå meg til bror min. Han fekk det av Herren sjølv.

16. No er det berre éin ting eg vil be deg om, og du må ikkje visa meg bort.» «Sei det!» svara Batseba.

17. Då sa han: «Tal med kong Salomo – for deg viser han ikkje bort – og bed om at han lèt meg få Abisjag frå Sjunem til kone.»

18. Batseba svara: «Ja vel, eg skal snakka med kongen for deg.»

19. Så gjekk Batseba til kong Salomo for å leggja Adonjas sak fram for han. Kongen reiste seg, gjekk imot henne og bøygde seg djupt for henne. Så sette han seg på kongsstolen. Ein stol vart sett fram for mor til kongen; ho sette seg ved høgre sida hans.

20. Ho sa: «Det er berre ein liten ting eg vil be deg om. Ikkje vis meg bort!» Kongen svara: «Be om det, mor! Eg viser deg ikkje bort.»

21. Då sa ho: «Lat Adonja, bror din, få Abisjag frå Sjunem til kone!»

22. Men kong Salomo tok til orde og sa til mor si: «Kvifor bed du om Abisjag frå Sjunem for Adonja? Du kan like godt be om kongsmakta for han. Han er då storebror min, og har presten Abjatar og Joab, son til Seruja, på si side.»

23. Og kong Salomo svor ved Herren og sa: «Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje dette skal kosta Adonja livet!

24. Så sant Herren lever, han som har sett meg på kongsstolen etter David, far min, og grunnlagt ei kongsætt for meg, slik som han lova – Adonja skal døy, og det i dag!»

25. Så sende kong Salomo Benaja, son til Jojada, i veg. Han hogg ned Adonja, og slik døydde han.

26. Kongen sa til presten Abjatar: «Far heim til åkrane dine i Anatot! Du fortener døden, men eg vil ikkje drepa deg i dag, for du har bore paktkista til Herren Gud framfor David, far min. Du har lide alt det han laut lida.»

27. Så dreiv Salomo Abjatar bort og lét han ikkje få vera prest for Herren lenger. Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala mot Elis hus i Sjilo.

28. Då dette kom Joab for øyra – han hadde støtta Adonja, men ikkje Absalom – rømde han til Herrens telt og greip om altarhorna.

29. Salomo fekk melding om at Joab hadde rømt til Herrens telt og heldt seg nær altaret. Då sende han Benaja, son til Jojada, i veg og sa: «Gå og hogg han ned!»

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2