Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

1. Kongebok 2:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då det leid mot slutten for David, sa han til Salomo, son sin:

2. Eg skal snart gå den vegen som alt her på jorda må gå. Ver du sterk og ver ein mann!

3. Hald bodet til Herren din Gud! Gå på hans vegar og hald deg til hans forskrifter, bod, lover og påbod, slik det er skrive i Moselova. Då skal du gå visleg fram i alt du gjer, og kvar så du vender deg.

4. For Herren vil halda det ordet han gav då han sa om meg: «Dersom sønene dine aktar på si ferd og vandrar for mitt andlet i truskap, av heile sitt hjarte og heile si sjel, skal det aldri mangla ein mann av di ætt på Israels kongsstol.»

5. Du veit jo sjølv kva Joab, son til Seruja, gjorde mot meg og mot dei to hærførarane i Israel, Abner, son til Ner, og Amasa, son til Jeter: Han drap dei og lét blod renna i fredstid. Slik fekk han krigsblod på beltet han hadde om livet, og på skorne han hadde på føtene.

Les hele kapitlet 1. Kongebok 2